SUP (Stand Up Paddle) og båttur til Vindsneset for 5. - 7. klasse - tysdag 15. august

Tid: Tysdag 15. august kl 09:30-14:45 – 1 dag 

Stad: Valldal 

Målgruppe: 5.-7. klasse 

Har du lyst til å prøve noko nytt? SUP krev ikkje tidlegare erfaring og flinke guidar vil hjelpe deg og gi ein introduksjon til sporten. Gøy aktivitet som ikkje så mange har prøvd enno. Mykje leik og moro på fjorden!  

Halvvegs bytter vi gruppe og de får vere med på ein spennande og interessant tur til Hofseth sitt visningsanlegg på Vindsneset. Lær om oppdrett av laks og sjøørett og sjå kva som faktisk skjer på eit oppdrettsanlegg. Turen går med elektrisk båt! 

Uteguiden er arrangør. 

Meir informasjon om Uteguiden finn du på nettsida deira. 
Les meir om Hofseth sitt visningsanlegg.

Denne aktiviteten kan ha maks 24 deltakarar. (Halv dag med SUP og halv dag med båttur). 

Ta med:  

  • Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen. 
  • Varme kle – ullundertøy og ekstra skift til etterpå. Ei lue og ein buff er lurt å ta med.
  • NB! Ein føresett  underskrive denne digitale eigenerklæringa 
    (Erklæringa er på engelsk, ved behov, velg omset til norsk)

 

Påmeldingsskjema 

Påmeldinga er no stengt. Det er få ledige plassar. Ta kontakt med Bjørg for påmelding og  spørsmål som gjeld aktiviteten.  

 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64