Oppdrag Tafjord m/SUP for 5. - 7. klasse - tysdag 27. juni
Tid: Tysdag 27. juni kl 10:00-14:30 – 1 dag
Stad: Tafjord
Målgruppe: 5.-7. klasse
Oppdrag Tafjord er en multisport aktivitet som fokuserar på meistring, samarbeid og læring. Oppdraget inneheld element av orientering, rebus, SUP, rappellering og hjernetrim. Oppdraget finn stad rundt om i Tafjordbygda og elevane blir delt inn i lag som dei skal samarbeide med gjennom heile dagen. Halvvegs gjennom oppdraget blir det lunsjpause på kaia. Oppdraget startar på skuleplassen (tidlegare Tafjord skule) og avsluttar på Skredsenteret. Det blir rappellering for vinnarlaget og omvisning for heile gruppa.
For dei som ikkje tar buss vil det bli oppmøte på skuleplassen ved Todarvoll (Tafjord skule).
Aktiviteten blir arrangert i samarbeid med Ræin.
Les meir om Ræin på nettsida deira.
Denne aktiviteten kan ha maks 34 deltakarar.
Ta med:
- Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
- Aktiv bekledning/turkle etter vêr og temperatur (anbefalt med ull på kropp).
- Regnkle og ekstra klesskift.
- Joggesko
- Badekle + handkle
NB! Ein føresettt må underskrive elektronisk ansvarserklæring her:
Elektronisk ansvarserklæring og sikkerheitsreglar for Ræin AS
Påmeldingsskjema
Publisert 08.06.2023 15.49