Kokkekurs for 1. - 4. klasse - tysdag 15. august

Tid: Tysdag 15. august kl 09:30-14:45 – 1 dag 

Stad: Valldal skule 

Målgruppe: 1.-4. klasse 

Mat og måltid er nødvendig for ei god helse. Mat gjer oss mette og glade. Å lage mat saman gir både glede og trivsel.  
Valldal Bygdekvinnelag legg opp til matlaging med vekt på tradisjonsmat. Vi skal lage god mat frå grunnen av. Vi inviterer til kjekke og trivelege dagar på kjøkkenet! 

Formiddag: 
Vi lagar og et ein god lunsj. 

Etter lunsj: 
Bakeverkstad. Vi lagar bakverk som du får smake, og du kan også få med litt heim. 
Det blir gode pausar med aktivitet tilpassa aldersgruppa. 

Her kan du lese meir om Valldal Bygdekvinnelag

Denne aktiviteten kan ha maks 16 deltakarar 

Ta med:  
Drikkeflaske og eventuelt niste dersom du treng litt ekstra mat i løpet av dagen. 

NB! Det er nokre få ledige plassar på kokkekurset. Påmeldingsfristen er utsett til 9. august.

 

Påmeldingsskjema

 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64