Kokkekurs for 1. - 4. klasse - måndag 14. august

Tid: Måndag 14. august kl 09:30-14:45 – 1 dag 

Stad: Valldal skule 

Målgruppe: 1.-4. klasse 

Mat og måltid er nødvendig for ei god helse. Mat gjer oss mette og glade. Å lage mat saman gir både glede og trivsel.  
Valldal Bygdekvinnelag legg opp til matlaging med vekt på tradisjonsmat. Vi skal lage god mat frå grunnen av. Vi inviterer til kjekke og trivelege dagar på kjøkkenet! 

Formiddag: 
Vi lagar og et ein god lunsj. 

Etter lunsj: 
Bakeverkstad. Vi lagar bakverk som du får smake, og du kan også få med litt heim. 
Det blir gode pausar med aktivitet tilpassa aldersgruppa. 

Her kan du lese meir om Valldal Bygdekvinnelag.

Denne aktiviteten kan ha maks 16 deltakarar.

Ta med:  
Drikkeflaske og eventuelt niste dersom du treng litt ekstra mat i løpet av dagen. 

 

Påmeldingsskjema 

Påmeldinga er no stengt. Få ledige plassar/venteliste. Ta kontakt med Bjørg for meir informasjon og spørsmål som gjeld kokkekurset.  

 

 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64