Kajakktur i Tafjord for 5. - 7. klasse - måndag 26. juni

Tid: Måndag 26. juni kl 10:00-14:30 – 1 dag 

Stad: Tafjord 

Målgruppe: 5.-7. klasse 

Kajakktur på Tafjorden har som mål å gi elevane ein spennande, leiken og trygg dag med kajakk. I tillegg til sjølve kajakkopplevinga vil dei lære om naturen og historia til Tafjorden. Dette gir innsikt i nærmiljøet vårt og i kva verdiar som finst i naturen der dei veks opp.

Elevane møter på basen til Ræin AS for gjennomgang av tur, innføring i nødvendig padleutstyr og sikkerheitsopplæring. Planen for dagen er å padle ut fjorden mot Slufsa (elv), for deretter å krysse fjorden mot Årødalselva. I løpet av turen vil vi gå i land for lunsj, og kanskje kan det friste å bade?   

Aktiviteten blir arrangert i samarbeid med Ræin.   

Les meir om Ræin på nettsida deira.  

Denne aktiviteten kan ha maks 12 deltakarar.  

NB! Kajakkturen er no fullteikna, men påmeldinga vert sett på venteliste. Endringar kan oppstå.

Ta med:  

  • Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen. 
  • Aktiv bekledning/turkle etter vêr og temperatur (anbefaler ull nærast kroppen).  
  • Regnjakke og ekstra klesskift. 
  • Pakkpose til ekstra skift (kan lånast dersom du ikkje har). 

NB! Ein føresett må underskrive elektronisk ansvarserklæring her:  

Elektronisk ansvarserklæring og sikkerheitsreglar for Ræin AS

Påmeldingsskjema