Fjelltur frå Hauge via Ruggå til Ytterli for 5. - 7. klasse - måndag 14. august
Tid: Måndag 14. august kl 09:30-14:45 – 1 dag
Stad: Valldal/Fjørå
Målgruppe: 5.-7. klasse
Bli med biblioteksjef Sverre ut på tur til Ruggå og Yttlinakkane!
Her blir det både fysisk aktivitet og litt lærdom om naturen vår.
På Ruggå er det grindløe, utedo og ein stor stein som kan ruggast på om ein er fleire i lag. Yttlinakkane har gammal og spesiell furuskog. På Kvitsva er der ei lita hytte som er open for alle og som også Dronning Sonja har besøkt. Dette er ein fin tur i lett terreng, med utsikt både innover mot Tafjord og utover mot Eidsdal på hi sida av fjorden. Turen har nokre oppoverbakkar og nedoverbakkar, men mest slakt og lett kupert terreng.
Les meir om turmåla på morotur.no Yttlinakkane Ruggå
Oppmøte for dei som ikkje skal ha skyss: parkeringsplassen på Hauge i Fjørå.
Ta med:
- Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
- Kle deg etter veret!
NB! Det er plass til fleire på denne aktiviteten. Påmeldingsfristen er utsett til 9. august.
Påmeldingsskjema
Publisert 09.06.2023 09.00