2024 Kunstverkstad trykk & grafikk for 1.-4. klasse - måndag 12. august
Tid: Måndag 12. august kl 09:30-14:45 – 1 dag
Stad: Stordal skule
Målgruppe: 1.-10. klasse
Kva er eit trykk? Korleis kan vi lage bilde med mønster og farge utan å teikne eller male det?
Vi startar dagen med å bli kjent med trykk som kunstform og ein kort gjennomgang av rutiner på verkstaden. Deretter, ved hjelp av lego, skal kvar enkelt lage ei eller fleire trykkplate etter eigen fantasi eller etter andre eksempel.
Etter lunsj skal vi ta prøvetrykk, og etterpå utforske farger og nye kombinasjoner. Alt av materiale er tilgjengeleg.
På slutten av dagen skal alle gå heim med eit eige kunstverk!
Kurshaldar: Marjan Dijkstra
Denne aktiviteten kan ha maks 12 deltakarar
Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
OBS! Ha på gamle kle som tåler flekker, og gjerne forkle. Vi jobbar med akrylmaling.
Påmelding
Publisert 12.06.2024 18.43
Sist endra 13.11.2024 08.07