Vi har alle godt av å kome oss ut og treffe andre. Vi har saml informasjon om nokre av møteplassane i kommunen der du kan kome i prat med folk. Kanskje finn du nokon med same interesser som deg, eller som det kan vere interessant å snakke med?
Aktivitetar
Trykk på ein aktivitet for å sjå tid, stad og lese meir.
Fredagskafe, Valldal omsorgsbustad
Servering av kaffi og kaker. Underhaldning ved kulturskulen. Vert arrangert av fleire frivillige lag på omgang ein fredag i månaden unntatt om sommaren. Følg med på plakatar og på aktivitetskalenderen på nettsida for meir informasjon om datoar. Ope for alle. Velkomen!
Stad: stova på open omsorg, Valldal
Herreklubben, Stordal
Herreklubben møtest måndag og fredag på Stordal frivilligsentral.
Dametreff, Stordal
Ein møteplass for damene.
Stad: Stordal frivilligsentral
Tid: kvar tysdag
Seniordans
Stad: Martin Linge-huset i Valldal
Tid: torsdag kl. 15-17
Seniornett Valldal
Seniornett er eit datatilbod til seniorar i Fjord kommune. Alle er velkomne til samlingane.
Stad: Biblioteket i Valldal
Tid: annankvar måndag kl 10.30-12.30
Valldal - Seniornett Norge
Seniornett Stordal
Møtet er ope for alle seniorar (55+) som ønskjer å bli tryggare i bruk av digitale verktøy og tenester.
Stad: Stordal frivilligsentral
Tid: annankvar torsdag kl. 13-15
Stordal - Seniornett Norge
Slekt og bilde
Stad: bibliotket i Valldal
Tid: annankvar måndag kl 10.30-12.30
Vi er ei gruppe som har interesse for gamle bilde knytt til eiga slekt. Biblioteket i Valldal er eigna for slike samlingar.
Du kan gjerne komme innom får å sjå kva vi driv på med. Kanskje er det noko du også kan tenke deg å gjere knytt til bilde i eiga slekt?
Slekt og bilde - Fjord kommune
Kviss på dagtid
Bli med på kviss! Her skal vi huske ting, le litt og prate litt.
Alle er velkomne! Kvissmeister er Eva Hilde Lingås.
Stad: biblioteket i Valldal
Tid: første onsdag i månaden kl 11.30-13.00
Naturmøteplassen
Vi inviterer til bålkaffi og prat.
Stad: grindløa ved skytebana på Øygarden, Valldal
Tid: annankvar tysdag kl 12-13.30 (ikkje januar, februar, juli, august)
Eidsdal-Norddal pensjonistlag
i møtest i kjellarstova på omsorgsbustaden i Eidsdal, og her er det både alvor, skjemt, fin musikk og minner frå svunne tider. Fellesskap er viktig for oss.
Eidsdal-Norddal pensjonistlag
Fjørå og Valldal pensjonistlag
Stordal og Liabygda pensjonistlag
Pensjonistforeninga har sine faste medlemsmøter første onsdag i kvar månad. Møta vert halde på Grendasalen i Stordalshalen frå kl. 14.
Stordal og Liabygda pensjonistlag
Helsebading
Det er helsebading kvar onsdag, instruktøren er til stades annankvar gong (partalsveker).
Helsebadinga varer frå kl 16.00 - 17.30 og instruktøren vil være til stades i tidsrommet 16.00 - 16.45.
Stad: bassenget på Muritunet
SOFA
Stad: biblioteket i Valldal
Tid: tysdag kl 12-13. 1-2 gongar i månaden.
Biblioteket og frivilligsentralen inviterer til kaffi og prat med vekas gjest i sofaen.
Publisert 17.01.2025 13.50