Trim for alle 2026

Velkomen tilbake til trimmen for deg som vil halde deg frisk og sprek! Trim for alle er eit treningstilbod for vaksne med fokus på styrke, balanse og kondisjon. Både nye og tidlegare deltakarar er velkomne!

Oppstart hausten 2026

Det vert trening kvar veke frå oppstart i september og fram til sommaren, med unntak av jul og påske. Eventuelle endringar vert annonsert på denne sida.

Stordalshallen 8. september

Trimmen vert inndelt i to grupper slik som tidlegare, låg intensitet/nybegynnarar og moderat intensitet/vidarekomne.

Martin Linge-huset 11. september

Ei gruppe, fredagar klokka 09.30 - 10.30.

Eidsdal skule 9. september

Ei gruppe i gymsalen onsdagar klokka 10-11.

Velkomen til trim for alle

Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for vaksne. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av kvalifiserte instruktørar. Treninga var tidlegare spesielt retta mot seniorar, men tilbodet er no utvida til å gjelde for alle vaksne.  Vi inviterer spesielt deg som ikkje har trent så mykje før, men som ønskjer å bli litt meir aktiv og som kjenner at det gjer godt for kroppen.

Tid og stad

Tid og stad for trim for alle haust 2026
KvarNårOppstartInstruktør
StordalshallenTysdag kl. 14-15 Låg intensitet/nybegynnarar8. septemberAnnett Karluss
StordalshallenTysdag kl. 15-16 Moderat intensitet/ vidarekomne8. septemberAnnett Karluss
Eidsdal skule, gymsalenOnsdag kl. 10-119. septemberCelien de Pelecijn
Martin Linge-husetFredag kl. 09.30-10.3011. septemberAnnett Karluss

Bli med for å halde deg frisk og sprek!

Vi trenar kondisjon, styrke og balanse med og utan musikk - og håper du vil vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre. Trim for alle - plakat for våren 2026 (PDF, 506 kB)

Ball, matte, strikk, trening, gym - Klikk for stort bileteIllustrasjon Pixabay/ArsADAstra
Annett Karluss
Fysioterapeut
Telefon 41 86 79 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
Telefon 41 86 78 06
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator/bibliotek
Telefon 90 52 91 64
portrett - Klikk for stort bilete