Godt nytt år og velkomen tilbake til trimmen for deg som vil halde deg frisk og sprek! Trim for alle er eit treningstilbod for vaksne med fokus på styrke, balanse og kondisjon. Både nye og tidlegare deltakarar er velkomne!
Oppstart 2026
Det vert trening kvar veke frå oppstart og fram til sommaren. Eventuelle endringar vert annonsert på denne sida.
Stordalshallen 6. januar
Trimmen vert inndelt i to grupper slik som tidlegare, låg intensitet/nybegynnarar og moderat intensitet/vidarekomne.
Martin Linge-huset 9. januar
Ei gruppe, fredagar klokka 09.30 - 10.30.
Eidsdal skule 4. februar
Instruktør er bortreist difor vert oppstarten utsett til februar. Deltakarane i Eidsdal er velkomen til å delta i Valldal eller i Stordal.
Velkomen til trim for alle
Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for vaksne. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av kvalifiserte instruktørar. Treninga var tidlegare spesielt retta mot seniorar, men tilbodet er no utvida til å gjelde for alle vaksne. Vi inviterer spesielt deg som ikkje har trent så mykje før, men som ønskjer å bli litt meir aktiv og som kjenner at det gjer godt for kroppen.
Tid og stad
Bli med for å halde deg frisk og sprek!
Vi trenar kondisjon, styrke og balanse med og utan musikk - og håper du vil vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre. Trim for alle - plakat for våren 2026 (PDF, 506 kB)
Illustrasjon
Pixabay/ArsADAstra
Publisert 05.01.2026 13.48