Juridiske grep du bør ta

Det er ein del juridiske førebuingar som er lurt å iverksette i god tid som senior. Her har vi samla nokre viktige råd til deg. 

Disposisjonsfullmakt / legalfullmakt

La aldri nokon andre bruke din bank-ID! Har du behov for bistand til å halde oversikt over bankkontoen din eller betale rekningar vert det anbefalt at du heller oppnemner ei disposisjonsfullmakt i banken din slik at ein disponent kan hjelpe deg med økonomiske gjeremål. 

Ein disponent er ein som har tilgang til en annan sin konto frå sin egen mobilbank eller nettbank, og kan hjelpe til med å ha oversikt på kontoen eller betale rekningar.

Her finn du linkar til eit utval bankar der du kan lese meir om korleis du kan gi andre fullmakt til å disponere kontoen din og bistå deg med betalingar.

Les om legalfullmakt hos Sparebanken Møre her. 

Les om disposisjonsfullmakt hos DNB her.

Les om disposisjonsfullmakt hos Nordea her.

Les om disposisjonsfullmakt hos Sparebank 1 her.

Framtidsfullmakt

Viss du opprettar framtidsfullmakt kan du bestemme at nkon du stolar på skal ta vare på dine interesser den dagen du ikkje klarer det sjølv.

Les  informasjon om framtidsfullmakt her.