Hjelp med det digitale

Samfunnet blir stadig meir digitalisert, og ikke alle heng med. Her har vi samla nokre ressursar for deg som ønskjer å lære meir, og informasjon om kvar du kan få hjelp. 

Seniorsurf

Seniorsurf er dataopplæring for seniorar.  Dette er gratis, og det er tilbod både i Valldal og Stordal
Du treng ikkje melde deg på - berre møt opp. Ta med eigen smart-telefon, nettbrett eller PC.

Følg med på aktivitetskalendaren på heimesida for å sjå tid og stad, sjå på nettsida til lokallaget eller kontakt Frivilligsentralen for meir informasjon.

Datahjelp

s veiledning 

Gratis hjelpetelefon for digitale spørsmål

Pensjonistforbundet har ein hjelpetelefon for pensjonistar som hjelper deg med dei fleste spørsmål bortsett frå digitale banktenester. Gratis for alle pensjonistar, og er åpen tirsdag, onsdag og torsdag frå kl 09.00-12.00.

Telefon 22 34 87 70

Kakadu forklarer

Kakadu gir deg enkle steg-for-steg oppskrifter for dei som har liten digital kompetanse, slik at du kan lære deg å bruke ulike tenester på nett – som for eksempel å laste ned ein app eller bruke BankID.

Gå inn og test ut denne linken.

Slettmeg.no

Dette er ei gratis råd- og rettleiingsteneste for deg som føler deg krenka på nett, og kan gi hjelp til pårørande for å slette konto for avdøde.

Du kan kontakte slettmeg.no på telefon, e-post, via kontaktskjema eller sosiale medier. 

Les mer om korleis her. 

norge.no

Her finn du rettleiing til digitale sjølvbeteningsløysingar frå stat og kommune. 
Du søkjer opp den tenesta du er på jakt etter, eller finn relevante tenester ut frå din livssituasjon.

Bli kjent med norge.no her. 

Banktenester utan internett

Som kunde har du krav på å kunne få utført banktenester uten å vere på internett. Ta kontakt med banken din for rettleiing.