Arbeidsverkstader om viktige planar

Folk rundt småbord i kommunestyresalen - Klikk for stort bilete Fjord kommune

Torsdag 14. mars hadde formannskapet arbeidsverkstad for å førebu seg på det viktige arealplanarbeidet som skal starte opp. Dette blir omfattande prosessar som vil gå over minst eit år, og som krev stor grad av involvering frå ulike interesseområde.

Torsdag 21. mars var det arbeidsverkstad for  kommunestyret, dei ulike råda og tillitsvalte der heilskapleg styring gjennom kommunalt plansystem var tema. 

Fjord kommune vil i denne valperioden få tett oppfølgjing frå Statsforvaltar, Fylket og Distriktssenteret. Dette er ein del av ei ny satsing der det blir testa ut nye samarbeidsformer med distriktskommunar som har særlege utfordringar. Du kan lese meir om dette på Distriktssenteret si side.

Kommunestyret skal i løpet av våren ta stilling til om kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere uendra i inneverande planperiode, eller om det er behov for justeringar. Det skal også vedtakast ein planstrategi som prioriterer kva planar det skal arbeidast med, og det viktige arealplanarbeidet skal starte opp. 

Sjå presentasjonane frå arbeidsverkstaden (PDF, 4 MB).