Kommunen skal i gang med omfattande planarbeid til hausten, og det vil bli lagt opp til brei medverknad for å få utarbeidd Fjord kommune sin første Levekårsplan.
Dette er eit spennande arbeid. Kommunen har store utfordringar framfor seg med eit framtidsbilde som krev omlegging av tenestetilbod og god samhandling med lokalsamfunnet. Det er difor viktig med breitt engasjement framover.

Det har vore møte med Eldrerådet for å få innspel til korleis det kan leggast opp til god involvert, og vi fekk mange gode idear som vi tek med vidare. Eldrerådet er ein viktig ressurs som alle kan bruke for å få ta opp saker som engasjerer. Leiar i Eldrerådet er Ann Elise Dyrkorn
Publisert 26.06.2025 13.37
Sist endra 26.06.2025 13.37