Stikk UT! startar 1. mai!

Med heile 572 turmål i vår region er årets Stikk UT!-sesong større enn nokon gong. Stikk UT!-appen kjem i ny forbetra versjon, og for første gong kan du også gå til Stikk UT!-turmål andre stadar i landet.

Stort Stikk UT! -engasjement!

To damer i fargerike klede, ute i naturen. StikkUT-logo på brystet. - Klikk for stort bileteLiv og Hilde er klar for SikkUT! 2024 Sunnmøre friluftsråd

– Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt. Vi tilrettelegg for god folkehelse i samarbeid med dei 28 deltakarkommunane våre, lag og organisasjonar, grunneigarar og lokale eldsjeler. Gode møte mellom menneske og natur fremmar livskvalitet og vi er superglade for å tilby så mange fine turmål der heile 187 er trillevennlege, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
I årets kartbrosjyre, som i desse dager kjem i postkassene til alle innbyggarane i Møre og Romsdal, inviterer friluftsråda alle med ut på tur.
– Vi håpar alle kan finne sine turperler. Det er flott å ta Stikk UT!-turar der ein bur, men oppfordringa er også å kunne oppdage nokre nye turmål i løpet av sesongen, seier Ellingsæter.


Registrering i app

Utviklinga viser at ca 95 prosent no registrerer turane sine i Stikk UT!-appen, og ikkje på stikkut.no. Frå og med i år vil ein berre kunne registrere turar i appen.
– Valet måtte kome før eller seinare, og det vart naturleg å endre dette i år når turappen blir oppdatert i samband med etableringa av Stikk UT! Norge. Vi håpar dette ikkje fører til vesentlege problem med å registrere, seier Ellingsæter som gjerne hjelper dersom det byr på problem for nokon.
Nettsida stikkut.no blir også ny, med litt annan funksjonalitet enn tidlegare.

 

Årets StikkUT!-turmål i Fjord

Raudt skilt med StikkUT! i gult. Skog, røsslyng og bregner i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteStikk UT! sklit Fjord kommune

Stikk UT! har turar for alle. Turane går til etablerte turmål og er gradert etter farge. 
Grøne turar passar for dei fleste. Lette, korte turar med moderat stigning. 
Blå turar for dei med litt turerfaring. 
Raude turar er lengre og er for dei med litt meir erfaring.


Det er 32 StikkUT!-turmål i Fjord i 2024:

Grøne turar 

Bedringens veg i Valldal Elvaforbygninga i Stordal Gamlevegen til Grønning - frå Alstad Grigås natursti i Stordal Kokarsteinen ved Dyrkorn Kroketevatnet på Dyrkorn
Kvilet (ny)
Moloen i Stordal
Olavsvegen i Syltemoa, Valldal
Omnossætra frå Valldal stadion
Rongane frå Eidsdal sentrum
Ruggå i Fjørå
Storhjellsætra i Eidsdal (ny) Trimløypa i Tafjord (ny)
Øyna rundt på Langsætrane i Stordal

Blå turar

Botnastølen i Stordal
Flåna frå Kilsti
Hegguraksla frå Hauge
Heimstevatnet fra Valldalsætra (ny)
Kallskaret - frå Herdalsosen
Litlevatnet
Midtbustsætra i Stordal
Mosætra i Stordal
Nonshaugen frå Rellingsætra
Reindalsætra (ny)
Saudebotn - frå Kaldhussætra
Storvasshytta (Storvatnet)
Storådalen (ny)
Vardefjellet (ny)

Raude turar

Dyrdalstinden
Varden i Stordal


Stikk UT!-vett

Friluftsråda er opptatt av at alle som ferdast i naturen skal gjere dette på ein omsynsfull måte. Derfor er det sett av stor plass til Stikk UT!-vett-reglane både i kartbrosjyren og i annan kommunikasjon. 
- Det er viktig å sette seg godt inn i Stikk UT!-vett-reglene før ein går på tur. Vi oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ta omsyn til både dyr, plantar og menneske. Vi oppfordrer også alle til å parkere som vist til og ikkje vere til hinder eller ulempe for andre trafikantar og grunneigarar, oppfordrar Ellingsæter. 
Ver obs på at fleire turmål kan ha utsett opningsdato. I det siste har det kome ein del påfyll med snø i høgfjellet, så hugs å sjekke dette i turomtalane i Stikk UT!-appen.


Stikk UT! Norge

Friluftsråda jobbar saman med kommunane for å fremme friluftsliv for alle, og vi er stolte over at fleire friluftsråd i Norge også ser korleis Stikk UT! bidreg til stor aktivitet og turglede, og vil innføre turtrimmen i sine regionar.
Derfor kan du frå i år også registrere Stikk UT!-turmål fleire andre stader utanom Møre og Romsdal. Under årets oppstart av Stikk UT! Norge er heile 82 kommunar med, og tilbyr  om lag 1 600 turmål. Målet er ei opptrapping til endå fleire stedar i Norge dei neste åra. 


Ny Stikk UT!-kunstnar 

Stikk UT! har i år fått ny kunstnar som har designa motiv til krus og skåler. Av 17 innsendte bidrag vart det Annika Østerbye som gjekk av med sigeren. Annika er frå Stockholm, men har budd i Rauma sidan 2017. Ho er utdanna grafisk designar og er tilsett hos Tibe i Molde.
- Det var ikkje lett for arbeidsgruppa å velge ut blant dei gode forslaga, men når vi valte Annika sitt motiv var det fordi vi syntes det gjenspeglar naturen og turgleda i Stikk UT! si ånd, sier Ellingsæter. 
Krusa og skålene kan kjøpast som premie når ein har gått meir enn sju Stikk UT!-turar.

Vi oppfordrar alle til å invitere med seg ein ven, nabo eller kollega på Stikk UT!-tur. 
Husk å registrere turane dine og god tur!

Fakta om Stikk UT!: 

Stikk UT! er ein turtrim der ein kan registrere dei turane som er plukka ut til å vere turmål denne sesongen. Det er gratis å delta, ein lastar ned appen og opprettar ein brukar, så registrerer ein koden som finns på kvart turmål. Går du meir enn sju turar kan du kjøpe deg din eigen Stikk UT! premie. Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober. Les meir på stikkut.no 

 

Pressemelding frå Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal