Torsdag 23. november er MOT til å glede-dagen. Dagen er ei påminnning om å glede kvarandre og kor mykje det kan bety for andre. Dagen vert markert på skulane, på frivilligsentralen i Stordal og i Valldal sentrum.
Frivilligsentralen i Stordal kl. 10-14
Kaffi og vafler og prat. Kom gjerne innom og slå av ein prat med dei nye medborgarane som deltek i norskopplæringa.
Valldal sentrum frå kl. 15
Det blir fyr i bålpanna og servering av kakao og kaffi. Om ikkje føret stoppar oss så blir det også besøk av ein ponni. Du finn oss ved HL Muri/bakeriet.
Takk til sponsorane Bunnpris, Spar og Sylteormen Bakeri.
Stikk innom! Alle er velkomne!
Arrangementa er i samarbeid med Fjord frivilligsentralar.
I tillegg blir det markering på skulane og på folkevaltopplæringa som er på Martin Linge-huset.
MOT til å glede-dagen

I dag ønskjer MOT at flest mogleg skal glede mest mogleg! Det kostar så lite, men betyr så mykje.
MOT til å glede-dagen handlar om å ha MOT til å bry seg - og ungdom og vaksne over heile landet vert oppfordra til å lage tidenes varmaste dag.
MOT til å glede-dagen er viktigare enn nokon gong.
Publisert 23.11.2023 09.49