Ledige stillingar

Har du eit brennande engasjement for bibliotek og kultur? Eller har du lyst på ein spennande jobb som kan gjere kvardagen lysare for andre? Akkurat no har vi ledige stillingar som bibliotekar og aktivitetskontakt i Fjord kommune. 

Bibliotekar

Bøker i ein stabel - Klikk for stort bilete Fjord kommune

Fjord kommune har ledig eit vikariat som bibliotekar i Valldal, med snarleg oppstart og ut 2024. Det kan vere aktuelt å forlenge vikariatet. Vi ønskjer å tilsette ein person som kan vere med å utvikle eit framtidsretta, attraktivt og aktuelt bibliotektilbod i Valldal og Fjord kommune. Biblioteket er ein viktig møteplass for store og små og samarbeider tett med frivilligsentralen om tiltak. 

Les meir og søk på stillinga som bibliotekar

Aktivitetskontakt

Hovudmålet til ein aktivitetskontakt er å gje den enkelte ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv.  Ein aktivitetskontakt hjelper å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk. Både born, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan trenge aktivitetskontakt. Eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke. 

Les meir og søk på stillinga som aktivitetskontakt