Kva skjer i bygdene i Fjord?

Kommunen vår har eit rikt kulturliv, og vi ønskjer å spegle dette gjennom aktivitetskalenderen som ligg på nettsida her og på nettsida til Opplev Fjord. Meld inn arrangement og bruk kalenderen til å finne ut kva som skjer!

Meld inn arrangement

Aktivitetar, møte og kulturarrangement som er opne for alle kan meldast inn til kalenderen. Bedrifter kan også bruke kalenderen. Innmeldinga gjer du enkelt via dette skjemaet som du finn på nettsida opplevfjord.no

Kvifor skal vi bruke kalenderen?

Ved å bruke kalenderen får alle innbyggjarar tilgang til informasjon om arrangementet ditt, og det kan bli eit større publikum eller fleire deltakarar. Når vi veit om kva som skjer kan det også hindre møtekollisjon. Bruk kalenderen når du skal planlegge ein aktivitet!

Meld inn i god tid

Meld gjerne inn planlagte aktivitetar for både sommar og haust allereie no. Så snart dato og tittel for arrangementet er klart så send det til oss, så kan vi eventuelt fylle på med meir informasjon etterkvart.

Lag og organisasjonar kan gjerne sende årsplanen til oss på e-postadressa frivillig@fjord.kommune.no

Kvar finn du kalenderen?

Aktivitetskalenderen ligg på framsida av desse to nettsidene:

Fjord kommune 

Opplev Fjord i Fjord kommune

Spørsmål?

Kontakt frivilligsentralane eller servicetorget om de har spørsmål som gjeld aktivitetskalenderen.

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06