Kulturlandskapspris

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ønskjer forslag til kandidatar til Kulturlandskapsprisen. Prisen går til den eller dei som gjer ein særskilt innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. 

Om kulturlandskapsprisen

“Prisen skal løfte fram landbruket som forvaltar av kulturlandskapet, skape merksemd og auke kunnskapen om verdiane i kulturlandskapet og stimulere til å ta vare på kulturlandskapet gjennom gode eksempel. Prisen blir fortrinnsvis gitt til aktive gardbrukarar, men kan også gis til grunneigarlag, beitelag, bygdelag eller andre typar tiltak.”

Det er Statsforvaltaren som deler ut prisen. Frist for å fremme forslag til kandidatar er 1. mai.

Les meir om kulturlandskapsprisen på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si nettside.

Tidlegare vinnarar frå Fjord

Kulturlandskapsprisen har vore utdelt sidan 2001, og det er to tidlegare vinnarar frå Fjord kommune.

2009 - Lingebygda v/Linge grunneigarlag, Norddal

2021 - Bygda Norddal og Herdalen, Fjord