Nikka er 105 år og er omtalt som ein solid kulturberar og ein verdig mottakar av kongeleg påskjøning.
Det var ordførar Eva Hove som utførte det ærefulle oppdraget på vegner av Kong Harald. I Valldal gjekk flagget til topps og det var pynta til fest for å heidre Nikka. Seinare vil ho også bli invitert til eit besøk på slottet.
I talen sin løfta ordføraren fram Nikka som ein framifrå god ambassadør for heimbygda si og for kommunen, og at ho er kjenneteikna av omgrep som livsglede, livsmot, entusiasme og kvardagsglede!
Talen til ordføraren finn du her:
Kjære Nikoline Myren Grønning, kjære Nikka!
I dag er eg her på sjukeheimen i eit svært ærefullt oppdrag. Eg trur dette er det mest ærefulle oppdraget eg har hatt: I dag skal eg nemleg utføre eit oppdrag på vegner av kong Harald.
Kongen har nemleg bestemt at du, Nikka, skal tildelast kongeleg påskjøning i form av kongens fortenstemedalje. Grunnen til dette er at svært mange – og deriblant kong Harald – meiner at du gjennom din årelange innsats for å ta vare på og formilde tradisjonell matkultur, har utmerka deg som ein solid kulturberar. Du har lært bort kunsten å lage bakkelse og lekse og kunsten å koke god rømmegraut, og du har vist oss gleda av å kunne hauste av den grøda naturen gir oss i form av frukt og bær.
Du har med tryggleik formidla bakekunst og kokekunst, både gjennom artiklar i vekeblad og i bøker. Du har også vore læremeister og trekkplaster på lefsefestivalar og andre stadar der viktig kulturarv vert formidla. Og ikkje minst har du blitt ein kjent og kjær kjendis gjennom mange innslag på TV. Du blir omtalt som eit nasjonalt ikon. Du er ein framifrå god ambassadør for heimbygda di og for kommunen. Livsglede, livsmot, kvardagsglede og entusiasme – dette er ord og omgrep som lett fell oss i tankane når vi ser og høyrer på deg!
Og kven vil ikkje verte identifisert med ei blid og livsglad kvinne som ausar av eigen kunnskap?
Det er fleire kokkar og matkulturberarar som har tatt initiativ til å foreslå deg, Nikka, som ein verdig mottakar av fortenestemedaljen. Eg skal helse så mykje frå Anne Helset frå Malmefjorden lefsefestival – og ikkje minst skal eg helse og gi deg dei aller varmaste gratulasjonane frå ein av våre kjente matkulturvernarar, Bodil Nordjore. Henne snakka eg med i telefonen tidlegare i dag, og ho gav uttrykk for stor glede over at du skal få denne påskjøninga. Ei hjartevarm helsing frå Bodil Nordjore lova eg altså å overbringe.
Eg skal no overrekke deg diplomet og medaljen. Samtidig skal eg helse frå kong Harald og seie at du om noko tid vil bli invitert til eit besøk på slottet Eg håper du kan ha helse til det, Nikka!
Gratulerer!
NRK Møre og Romsdal sin reportasje