Fjord kommune publiserer ny innsynsløysing i dag

Innsyn via postlistene er ein inngangsport til offentlege data i arkivet. I postlistene kan du få tilgang til saker og dokument, til dømes post til og frå kommunen, byggesaker, politiske møter, vedtak, oversikt over folkevalde, råd og utval.

I den nye løysinga kan du søkje etter alle saker og dokument frå ei og same side. Du kan søkje på emneord, avsender og periode, eller velge å bla i dokumentregistra kronologisk. Ulike filter gir deg muligheit til å snevre inn søket, slik at du lettare finn den informasjonen du er ute etter.
Enkelte dokument kan etter lova unntakast frå innsyn, desse blir skjerma i løysinga. Den nye innsynsløsinga er ei enkel og intuitiv løysing, den er uiniverselt utforma, og byggjer på prinsipp for klart språk.