Endra rutetider Eidsdal - Linge
Møre og Romsdal fylkeskommune melder at frå 16. mai til 30. september vert det to ferjer på sambandet Eidsdal-Linge, på fylkesveg 63 i Fjord kommune. Dette medfører endra rutetider.
Dette er endringane i to-ferjesesongen
- A-ferja vil ligge på Linge om natta og på grunn av dette blir siste avgang frå Eidsdal om kvelden innstilt i to-ferjesesongen.
- Første avgang for A-ferja blir frå Linge klokka 06.00 på kvardagar og klokka 06.30 på laurdagar og søndagar.
Endringa blir gjort på grunn av kviletid og beredskap.
Beredskap og kviletid
B-ferja vil vere beredskapsferje i perioden, og går til Liabygda når det blir beredskapstur. Avhengig av tidspunkt for beredskapsturen, kan dei første avgangane til B-ferja bli innstilt grunna kviletid for mannskapet. A-ferja vil gå som normalt.
Den nye rutetabellen finn du på frammr.no
Frammr.no melder om to ferjer og endra rutetider for ferja Eidsdal - Linge
Publisert 14.05.2024 09.18
Sist endra 25.06.2024 14.08