Utsikt frå stoveglaset på Ytste Skotet
kls
Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til digitalt seminar om ny og forbetra tilskotsforvaltning. Det blir også informasjon om ulike tilskotsordningar.
Digitalt seminar
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer velkomen til digitalt tilskotsseminar torsdag 21. september kl. 10:00 - 12:30.
Ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga
Hovudposten på seminaret vil vere ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga, og informasjon om prosess og endringar. I tillegg vil vi informere om tilskotsordningar og gi nyttig informasjon og gode tips på korleis du brukar søkesystemet vårt; Regionalforvaltning.no.
Seminaret er for både nye søkarar og tidlegare tilskotsmottakarar.
Tilskotsmidlane på kulturområdet er dei viktigaste verkemidla for å oppfylle prioriteringane og nå målsettingane i fylkesplan på kulturområdet. Midlane skal legge til rette for eit velutvikla mangfald av kulturtilbod i heile fylket.
Ordningar som er opne for søknad i haust
- Eittårig driftstilskot; historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement
- Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur
- Møremusikarordninga – Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar
- Brannsikring av tette trehusområde
- Bygningar og anlegg i verdsarvområdet
- Fartøyvern
- Freda kulturminne i privat eige
- Freda middelalderhus i privat eige - frå før 1537
- Regionale kulturminne og kulturmiljø
- Tekniske og industrielle kulturminne
Program for seminaret
- Ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga
- Våre tilskotsordningar i 2024 og 2025
- Slik søker du i Regionalforvaltning.no
- Kort informasjon om nytt system for søknader
Påmelding
Påmeldingsskjema og program finn du på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.
Påmeldingsfrist er 17. september.
Alle påmeldte får tilsendt møteinvitasjon med lenke for digital deltaking dagen før seminaret.
Lenke
Regionalforvaltning.no
Publisert 05.09.2023 11.05