Bestilling av skogbruksplan
Skogeigarar som har over 50 dekar produktiv skog har fått tilbod om skogbruksplan med miljøregistreringar i skog. Dette gjeld Fjord, Haram og Ålesund. Frist for bestilling er 5. februar 2025.
Kvifor bestille skogbruksplan?
Som skogeigar har du plikt til å vere kjent med miljøverdiane i skogen din og kunne gjere greie for korleis du tar vare på dei. Ein skogbruksplan gir ei rekke fordelar, mellom anna følgjande:
- Du får miljøsertifisert eigedomen din. Dette gir moglegheit for sal av tømmer.
- Planen gir oversikt over areal og skogressursar på eigedomen.
- Du kan få kart på papir og/eller digitalt.
- Skogbruksplan gir grunnlag for å forvalte eigen skog på best mogleg måte.
- Planen er eit godt verktøy for å planlegge både planting, rydding, tynning, vegar og hogst.
- Planen gir grunnlag for betre rettleiing frå kommunen og andre.
- Planen gir grunnlag for skogeigarsamarbeid, til dømes når det gjeld skogsvegar.
Skogbruksplanlegging skjer normalt med eit omløp på om lag 20 år, og det er difor viktig at skogeigarar vurderer eige behov for å ha ein skogbruksplan for sin eigedom. Om du ikkje har ein slik plan, vil det til dømes ikkje vere anledning til å selje tømmer frå eigedomen fram til neste skogbruksplanlegging.
Kva kostar det?
Du finn priseksempel i informasjonsbrosjyren. Det vert tilbydd statleg tilskot på 52 prosent, og du kan bruke skogfond til å dekke kostnadane.
Korleis bestille skogbruksplan?
Frist for bestilling
5. februar 2025
Skog
Publisert 31.01.2025 13.31