Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Føremålet med NMSK- ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir ivaretatt og vidareutvikla.

Grunneigar kan søkje tilskot til følgjande tiltak:

  1. Friluftstiltak
  2. Ta vare på og synliggjere kulturminner
  3. Ta vare på og sjøtselstiltak i nøkkelbiotopar
  4. Fjerning av frøformerte plantar av utanlandsk treslag utanfor produksjonsbestand av slike treslag
  5. Tiltak som tek vare på nøkkelbiotopar i eit større omfang enn det som er forventa av næringa

Skogeigar bør søkje digitalt frå eigen skogfondkonto i "Skogfond på nett" med innlogging via Altinn.

Det er berre grunneigar/skogeigar som kan søkje om tilskot.

Ordninga er avgrensa til område der det blir drive skogbruk. Verneområde og område som gjennom kommuneplan, reguleringsplan eller tilsvarande er regulert til anna enn landbruksføremål - der ordinært skogbruk ikkje kan drivast- er utanfor ordninga.

Det er oppretta ei eigen nasjonal ramma for dei øyremerkte midlane.

Søknadar om tilskot etter denne ordninga skal sendast til og behandlast av kommunen, søknadane blir behandla etter NMSK-forskrifta.

For 2020 er søknadsfristen 1.august og 1.november

Meir informasjon, søknadsskjema og retningslinjer finn du på landbruksdirektoratet sine sider.

Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Asle Konnerth
Skogbrukssjef
E-post
Mobil 46 41 10 24