Vald - godkjenning

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.

Rettleiing

Søknad om godkjenning eller endring av vald for elg, hjort eller rådyr må sendast kommunen innan 1. mai. For godkjenning eller endringer i vald for jakt på villrein skal søknad sendast villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen innan 1. april.

Her er søknadsskjema som kan nyttast (PDF, 244 kB).

Klageadgang

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Statsforvaltaren for vedtak som er gjort av kommunen, og Miljødirektoratet for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22