Påkjørsel av vilt og fallvilt

Ved alle påkjørsler der det har vore kontakt mellom kjøyretøy og hjortevilt, rev eller grevling er det påbod å varsle politiet på tlf. 02800.

Når ulykka er ute skal du:

  1. Ta på deg refleksvesten som ligg i bilen og sikre ulykkesstaden.
  2. Ved personskade gje førstehjelp/ ring 113 om nødvendig.
  3. Ring politiet på tlf. 02800 og meld frå om påkjørselen.
  4. Merk ulykkesstaden nøyaktig der dyret vart påkjørt med eit viltband, plastpose, refleksvekst, eller liknande.
  5. Ved skade på bil, meld i frå til forsikringsselskapet ditt.

Viktig!

  • Ikkje forsøk å avlive eit skada dyr
    Det skal gjerast av trena ettersøkspersonell.
  • Ikkje følg etter eit skada dyr
    Det vil gjere arbeidet for ettersøkshunden vanskeleg og redusere sjansen for å få avliva det.
  • Ha alltid viltband i bilen
    I Fjord kommune kan du få dette på rådhuset i Valldal og på kommunehuset i Stordal.
  • Ikkje ta med deg påkjørt vilt
    Det vil medføre mye ekstra ressursbruk med leting for dei som er kalla ut for å hente dyret.

Kva skjer så?

  1. Dersom dyret er i live vil politiet varsle ein av dei kommune ettersøksjegerane som rykker ut til staden.
    Dersom dyret er ligg ved ein riks- eller fylkesveg og er dødt på staden vil ikkje kommunen verte kontakta av politiet, då er dette Statens vegvesen sitt ansvar.
  2. Ettersøksjegeren ringer til deg og spør om informasjon om hending, påkjørselsted, mm.
    Det er derfor viktig at du er tilgjengeleg på telefon etter hendinga.  
Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22