Fellingsløyve

Skal du jakte hjortevilt må du ha eit offentleg fellingsløyve. For å få tildelt eit fellingsløyve må jaktrettshavar, som i dei fleste tilfeller er grunneigar, søkje godkjenning av området jakta skal foregå i.

Dette området vert kalla eit vald og kan omfatte ein eller fleire eigedommar som tilsaman stetter krava fastsett i forskrift om forvaltning av hjortevilt.

Dåhjort kan jaktast på i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjent vald.

Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit vald eller eit bestandsområde som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen godkjenner bestandsplaner for elg og hjort, medan villreinnemnda godkjenner bestandsplanar for villrein.

Rettleiing

Godkjente vald treng ikkje å søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve, som hovudregel vert berekna ut i frå det teljande areal valdet er godkjent med,  og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan for valdet, vert løyve tildelt etter i tråd med planen med mindre anna vedtak vert fatta.

Klageadgang

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Statsforvaltaren for vedtak som er gjort av kommunen, og Miljødirektoratet for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22