Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut stønad frå spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemiddelordninga.
Fjord kommune forvaltar spelelmiddelordninga lokalt
Kulturdepartementet set krav til dokumentasjon og planar for å oppnå godkjente spelemiddelsøknadar. Start difor planlegginga i god tid.
Korleis søke?
Vilkår
- For å ha rett til å søke om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet så må anlegget vere oppført i handlingsprogrammet i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Dette er ein del av kulturplanen for Fjord kommune. (Kulturplan 2023-2030 skal til politisk behandling hausten 2023)
- Søkar må følgje Kulturdepartementet sine føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
- For lokale kulturarenaer gjeld eit eige regelverk
- Søknadane kan vere både nye, fornya og gjentatt.
Fornya søknad vert nytta når ein har søkt tidlegare, men ikkje motteke tilskot, medan gjentatt vert nytta når ein har motteke deltilskot tidlegare. - Søkjar må sende inn søknaden på nytt kvart år fram til tildeling (fornye).
Søknadsbeløp
- Ordinære anlegg - 1/3 av totalsum.
(Det er ulike grenser for makimal søknadssum, sjå Kulturdepartementet sine føresegner.) - Nærmiljøanlegg - 1/2 av totalsum, inntil kr 300 000.
- Lokale kulturarenaer - 1/3 av totalsum. Sjå regelverket for meir informasjon.
Søknadsfrist til Fjord kommune
15. oktober
Nyttige lenker
Om spelemiddelordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune
Anleggsregisteret.no
Gode idrettsanlegg
Norges idrettsforbund
Publisert 01.08.2024 09.03