Stiftinga Nerhagen Minnefond

Stiftinga vart oppretta i desember 2017, og har som formål å forvalte ei gåve på 14,6 mill. kroner. Overskotet skal gå til gode formål i samfunnet slik det går fram av fondet sine vedtekter.

Fondet har eit styre på fire medlemmar. 3 medlemmar er oppnemnd av stiftaren, og 1 medlem er oppnemnd av Norddal sokneråd.

Stiftinga er registrert og godkjent i Stiftelsestilsynet, og registrert i Brønnøysundregistra med org.nr. 819 799 342.

Midlane skal gå til:

  1. Stipend til høgare utdanning for ungdom frå Norddal kommune
  2. Tilskot til lag og misjonsorganisasjonar og deira skular
  3. Tilskot til lokalt næringsliv og kulturliv.

Styret innvilgar tilskot etter søknader, bortsett frå tilskot under punkt 2. 

Tilskot vert tildelt to gongar i året - mars og oktober - og vert kunngjort i lokalavisa.

Kontaktinformasjon

Ta nærare kontakt for orientering om kva søknaden skal innehalde m.v.

Stiftinga Nerhagen Minnefond

v/Kåre Nerhagen
Bygdavegen 33
6210 Valldal

Tlf. 476 03 695

Epost: kaarenerhagen@gmail.com