Ledsagerbevis

Kva er ledsagerbevis?

Har du behov for følge eller assistanse for å gå på kultur- eller fritidsarrangement, kan du søke om ledsagerbevis. 
Ledsagerbevis gir deg rett til å ha med ein assistent som slepp å betale for billetten sin. Du bestemmer sjølv kven du ønsker å ha med som ledsager, og det treng ikkje vere same person kvar gong. 

Kven kan få tilbodet?

Personer med sjukdom eller nedsatt funksjonsevne med behov for følge eller assistanse for å kunne delta på arrangementer kan få ledsagerbevis.  

Slik søker du

Fyll ut søknadsskjema og lever passfoto til Servicetorget om du ikkje lastar det opp i søknaden.

Kva kostar det?

Ledsagerbevis er gratis. Du kjøper ordinær billett til deg sjølv, men kan ta med deg ledsager gratis på dei stadane som godtek ledsagerbevis.

Søknadsfrist

Søknadane bli behandla fortløpande.

Kva skjer vidare?

Søknaden blir behandla av Forvaltningskontoret.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal.

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00