Om huset

Stordalshallen vart offisielt opna den 25. januar 1997 i tidlegare Stordal kommune. Då var det stor opningsfest i ein fullsett idrettshall.

Realiseringa av Stordalshallen var eit enormt løft for ei lita kommune og det er ikkje til å legge skjul på at det var ein viss skepsis frå ulikt hald i forkant. Når endeleg vedtak var fatta stilte likevel alle opp og det er liten tvil i at Stordalshallen har hatt enormt stor betydning for kulturlivet i kommunen. Nedanfor presenterer ein eit utdrag frå sluttrapporten til byggjenemnda.

Den 14. oktober 1993 (k-sak 53/93) vart følgjande veld inn i byggjenemnda:
Kristen Leganger (leiar), Leif Dybdahl og Sivert Petter Dyrkorn. Nemnda vart utvida med Randi Støle frå Stordal Ungdomslag og Per Anker Vad frå Stordal Idrottslag, like etter.

Den 20. desember 1993, gjorde kommunestyret vedtak om å starte prosjektet i 1994.

John Stavseng vart oppnemnd som leiar i prosjekteringsgruppa.

Følgjande firma vart med i avtalen som formannskapet godkjende i februar 1994: Arc-Ess AS, Stavsengs Ingeniørfirma A/S, Svein Sæter A/S og Hovet og Teigen ANS.

Stavsengs Ingeniørfirma A/S v/Paul Stavseng fekk ansvaret for byggjeleiinga.

Tidleg i planarbeidet vart det oppretta kontakt med kulturavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune og dette samarbeidet fungerte frå første stund meget godt.

Tidleg i 1994 vart det oppretta ei økonominemnd, som skulle skaffe midlar til naudsynt utstyr i høve til opninga. I denne nemnda sat Elin Amdam, Asle Olsen og Bjørn Busengdal.

Dialogen mellom byggjenemnda og Stordal kommune som byggherre var meget god heile vegen, noko som var avgjerande for gjennomføringa av prosjektet.

Fredag 14. oktober 1994, tok ordførar Olav Bratland det første spadetaket

Ved byggjestart vart det sendt ut ei informasjonsskriv til alle husstandane i kommunen og planane vart presenterte m.a. på ein stand i Stordal sentrum. Modell laga av Per Anker Vad.

Sommaren 1995 såg ein på moglegheitene for å byggje ein klatrevegg i idrettshallen. Planane tok etterkvart form og Ola Stavseng og John Helge Larsen sitt arbeid med å forme veggen vart særs vellukka.

Frå 1. august 1995, vart Charles Tøsse tilsett i ei 60% stilling som marknadsførar for prosjektet. Han var til stor nytte for både byggjenemnda og økonominemnda. Etter at Stordalshallen stod ferdig held han fram som dagleg leiar for Stordalshallen, i ei 40% stilling.

Det heilt spesielle med Stordalshallen, er den formidable dugnadsinnsatsen. Totalt vart det registrert 25 339 dugnadstimar (all møteverksemd, dugnadsinnkalling, dugnadsleiing, basarar o.l. kjem i tillegg) Heile 504 av kommunen sine 1082 innbyggjarar hadde vore med. Einar O. Hove var den som toppa lista suverent, med sine ufattelge 1354 timar. Verdien av dette dugnadsarbeidet vart berekna til kr 2 879 130! Bygdefolket betalte i tillegg inn kr 259.350 til prosjektet.

Stordalshallen vart offisielt opna 25. januar 1997. Opningsfesten vart særs vellukka med eit flott program rekordstor deltaking. Ein eigen trenøkkel (heng på veggen i inngongspartiet) ,laga av Magnar Skjellum, vart overrekt Stordal kommune.

Opplysningane ovanfor er henta frå ”Sluttrapport frå byggjenemnda”