Kulturskule

Fjord kulturskule tilbyr undervisning innan fagområda musikk, dans og visuell kunst. Vi har no om lag 120 elevplassar. Born og unge vert prioritert ved opptak, men vi ønsker også å tilby tenester til andre grupper og  vere ein samarbeidspartnar for lag og organisasjonar i kommunen. Vi har t.d. ei tilrettelagt musikkgruppe for vaksne, og vi tilbyr også subsidierte dirigenttenester for skulekorpsa i kommunen. Undervisningsstadar er Stordal, Valldal og Eidsdal.

Målet for kulturskuleundervisninga er at alle elevar skal få gode vilkår for å utvikle dei kreative evnene sine. Kulturskulen skal gi opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet, og gi elevane høve til å utvikle kunnskapar og ferdigheiter i ulike kunstfag.

Heimel for drifta av kulturskulane finn vi i Opplæringslova § 13-6, der det står følgjande: «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknytning til skoleverket og kulturlivet elles.» Kulturskulerektor har det faglege og administrative ansvaret for drifta av kulturskulane.

Korleis få plass

Du søkjer plass på elektronisk søknadsskjema

Elevar som allereie har plass i kulturskulen må søkje på nytt (re-registrere seg) for å behalde plassen til neste skuleår. Dette blir det sendt ut informasjon om til dei det gjeld, før den ordinære søknadsfristen.

Det er utarbeidd midlertidige retningslinjer for Fjord kulturskule (PDF, 567 kB).

Betalingssatsar

Sjå betalingssatsane her.

Følg oss gjerne på Facebook også.

Ellen Elisa Juhl Karberg
Konstituert kulturskulerektor
E-post
Telefon 41 86 78 37