Fjord frivilligsentralar
Frivilligsentralane skal stimulere til auka frivillig innsats, vere ein pådrivar for frivillige tiltak og utvikle samarbeid mellom frivillige og det offentlege. Sentralane skal vere ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige lag, organisasjonar og det offentlege.
Vi vil ha fleire med på laget!
- Har du engasjement for andre menneske og kan tenke deg å bruke litt av tida di?
- Har du lyst til å hjelpe, eller treng du kanskje å treffe andre menneske?
- Har du en idé du ønskjer å sette ut i livet?
Ta kontakt med frivilligsentralen på e-post eller på telefon for ein uforpliktande prat.
Frivilligsentralen i Stordal
Stordal frivilligsentral er samlokalisert med Stordal ungdomsklubb i Sandvikgata 30c. Sentralen har tilsett dagleg leiar i 100 prosent stilling.
Stordal frivilligsentral har faste opningstider tysdag og torsdag kl. 10.00-14.00. Måndag, onsdag og fredag er dagleg leiar å treffe på kontoret på kommunehuset i Stordal.
Gratisbutikk for kle og sko
Gratisbutikken er eit tilbod til ALLE innbyggjarar i Fjord kommune, der dei som treng det eller ønskjer det kan kome innom og hente kle og sko gratis. Butikken er samloklisert med Stordal frivilligsentral og er open i frivilligsentralen sine opningstider, onsdag kl. 18-20 og etter avtale.
Frivilligsentralen i Valldal
Frivilligsentralen i Valldal er samlokalisert med Fjord bibliotek, avdeling Valldal. Lokala ligg i rådhuset, Olavsgata 10. Sentralen har tilsett dagleg leiar i 100 prosent stilling. I biblioteket sine opningstider vil tilsette på biblioteket svare på spørsmål eller gi deg meir informasjon om frivilligsentralen.
Opningstider Fjord bibliotek Valldal
Tysdag kl. 11 -17
Torsdag kl. 14-18
Fredag kl. 10 - 16
Vedtekter og ressursgruppe for frivilligsentralane
Fjord kommune er eigar av frivilligsentralane.
Fjord frivilligsentralar har ei ressursgruppe som er ein støttefunksjon i arbeidet. Ressursgruppa har seks representantar, der to er frå kommunestyret og fire er frå frivilligheita.
Vedtekter for Fjord frivilligsentralar, vedtatt 21.03.24 (PDF, 136 kB)