Bålbrenning

Bålbrenning

Generelle retningslinjer for bålbrenning i Fjord kommune

Den som brenn bål har ansvar for

  • å be om løyve i frå grunneigar
  • at bålstaden er tilstrekkeleg sikra mot spreiing av brann.
  • å skaffe til veie sløkkevatn og reiskap
  • at bålbrenninga ikkje skaper problem eller ubehag for naboar i nærområdet. Det må vere samtykke frå naboar eller grendalaget om bålbrenninga.
  • å sjå til at bålet berre består av reine produkt (ubehandla trevirke, papir/papp), ikkje malt/trykkimpregnert trevirke eller søppel (plast, møbler etc.).
  • å ikkje forlate bålet før det er fullstendig sløkt.
  • å sløkkje bålet ved mørkets frambrot (gjeld ikkje Sankthansbål)
  • All brenning skjer på eige ansvar.

Når skal brannvesenet varslast?

Om du skal brenne bråte, eller eit bål som er så stort at det kan oppfattast som ein alvorleg situasjon, skal brannvesenet varslast slik at vi unngår unødig utrykking.
 

Jonsokbål

Det er lov å brenne jonsokbål i Fjord kommune, men om det er innført totalt bålforbod gjeld det også jonsokbål. Dei generelle retningslinjene for bålbrenning skal følgast.
 

Totalt bålforbod

Hvis skogbrannfaren er høg kan brannsjefen legge ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Eit slikt totalforbod inneber at du ikkje har lov til å grille eller tenne bål verken i skog, annen utmark eller på stranda. Du kan heller ikkje bruke bålplassar når det er totalforbud. Grilling i eigen hage er som regel tillatt, så lenge du passer godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totaltforbod.

Nasjonalt forbod mot bruk av open eld utandørs 

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt og faren for skog- og lyngbrann aukar. I Norge er det difor generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. 

Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann. Dette kan for eksempel vere hvis det ligg snø på bakken, eller det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov å grille i eigen hage og på tilrettelagte grill- og bålplassar som er godkjent av kommunen

Lars kjell Smoge
Teamleiar
E-post
Telefon 70 25 88 43

Åpningstider

Måndag - fredag kl 08.00 - 16.00.