Registrere ny lånar

Alle som bur i Norge har rett til å låne bøker på biblioteket. Du treng eit lånekort. Lånekortet er gratis.

Registrering for lånekort

  • Lånekort får du ved å møte opp på biblioteket.
  • Personar over 15 år må vise gyldig legitimasjon med bilde og personnummer.
  • Lånekortet er personleg og må ikkje lånast bort til andre.
  • Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som vert lånt på kortet.
  • Vaksne kan ikkje låne til seg sjølv på barna sine kort.
  • Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglane

Ta vare på lånekortet og ta det med når du besøker biblioteket. Hugs at lånernummeret som står på lånekortet også vert brukt for å få tilgang til biblioteket sine digitale tenester.

Nasjonalt lånekort

Det er også mogleg å registrere seg digitalt med MinID/BankID for å få nasjonalt lånekort. 

For å bruke Fjord bibliotek sitt tilbod, må du etterpå kontakte oss  for å bli registrert i vårt lokale lånerregister. Du kan besøke biblioteket eller sende e-post med namn, adresse og lånenummer.

Registrering for nasjonalt lånekort - bibliotekkortet