Lånereglar

  1. Fjord biblioteka sine samlingar står gratis til disposisjon for alle.
     
  2. Lånekort
    Alle som har fast adresse kan få lånekort.
    Barn kan få eige lånekort når dei byrjar på skulen.
    Barn og ungdom under 15 år må ha underskrift frå føresette.
    Legitimasjon kan krevjast ved utskriving av lokalt lånekort.
    Ved registrering av Nasjonalt lånekort for lånarar over 15 år skal legitimasjon med bilete framvisast.
    Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne. Meld frå om flytting eller tap av lånekort.
     
  3. Lånetid
    Bøker, 4 veker
    Nye bøker med venteliste, 2 veker
    Film, 1 veke
    Tidsskrift,1 veke (siste nummer er ikkje til utlån)
     
  4. Materiell som er utlånt, kan reserverast
     
  5. Biblioteket kan låne inn materiell frå andre bibliotek. For fjernlån gjeld eigarbiblioteket sitt reglement
     
  6. Lånaren har plikt til å ta vare på lånt materiell og å melde frå om feil og sikre omløp ved å levere tilbake innan lånefristen.
     
  7. Tapt eller skada materiell må erstattast etter verdi og skjønn. Bøker som er utlånt til barn under 5 år må ikkje erstattast dersom dei vert skada, men bøkene må erstattast dersom dei forsvinn.
     
  8. Vert lånet ikkje tilbakelevert etter purring, vert det sendt ut 3.varsel med krav om erstatning.