Startlån

Kven kan få startlån?

Startlån kan vere ein mogeleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad

Startlån kan gje deg moglegheit til å få ein nøktern og rimeleg bustad.

Vi legg vekt på at:

  • du har langvarige problem med å finansiere eigen bustad
  • du har nytta moglegheita til sparing ut i frå din økonomiske situasjon

Startlån er behovsprøvd.

Sjekk om du er i målgruppa for startlån.

Kva kan du få startlån til?

Les meir på Husbanken si heimeside

Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden i Servicetorget på rådhuset.

Kva skjer vidare?

I Fjord kommune vert det gjort ei vurdering av alle saker som gjeld startlån. 

Normal behandlingstid er 4 - 6 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all naudsynt dokumentasjon er mottatt.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Fjord kommune, pg. 144, 6211 Valldal.

For deg som allereie har startlån 

Det er Intrum som forvaltar startlån for Fjord kommune. Etter at lånedokumenta mellom deg og Fjord kommune er signert blir dei sendt til Intrum og dei tek over oppfølginga av lånet. Intrum har ei sjølvbeteningsløysing, MinSide, der du finn det meste av informasjon om lånet ditt.

Lover og reglar

Forskrift om startlån