NAV

NAV  skal nå eit mangfald av brukarar som treng ulik grad av rettleiing og oppfølging. Vår innsats skal bidra til at arbeidsgivarar skaffar seg arbeidskraft og fleire skal få muligheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.

Kontaktinformasjon

Samtalar med rettleiar kan avtalast alle dagar frå kl. 09.00 - 15.00, og kan gjennomførast i alle fire kommunane. Samtalar med NAV kan avtalast gjennom nav.no - DittNAV elller på telefon 55 55 33 33.

Det er ope publikumsmottak i Brattvåg

Måndag kl. 1000 - 1300
Onsdag kl. 1200 - 1400
Fredag kl. 1000 - 1300.

Alternativt publikumsmottak i Ålesund måndag til fredag kl. 1000 - 1500.

NAV er organisert slik at du kan løyse mange oppgåver sjølv. Frå eigen PC eller PC på NAV-kontoret kan du finne mykje informasjon på www.nav.no, mellom anna:

  • Registrere deg som arbeidssøker
  • Registrere og oppdatere din CV
  • Søke etter ledige jobbar
  • Logge deg på DittNAV
  • Utføre pensjonsberekning
  • Sende søknad på stønader heimla i folketrygda.
  • Arbeidsgivarar med rekrutteringsbehov kan kontakte oss for kandidatliste eller registrere ledige stillingar på www.nav.no.
  • NAV kan gi råd og rettleiing til verksemder som treng dette for å redusere sjukefråver og utstøyting frå arbeidslivet.

Råd og rettleiing

Har du omfattande behov for bistand kan du kontakte oss for råd og rettleiing. Les meir om råd og rettleiing etter sosialtenestelova her.

Økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving

Har du gjeld og vanskar med å betale den? Har du problem med å disponere pengane slik at dei ikkje strekk til? Da er det viktig å søke hjelp i tide. Hensikta med økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving er å hjelpe slik at du blir i stand til å styre økonomien sjølv. NAV har en egen gratis økonomirådstelefon som kan gi gode råd og bistand.

Vi anbefaler at du starter med å kontakte 800GJELD – i NAV (TLF 800 45353). Treng du bistand utover den hjelpa du får her kan du kontakte NAV-kontoret. Les meir om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving her.

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk stønad er ein del av samfunnet sitt sikkerhetsnett og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphold. NAV skal ha særleg merksemd på barnefamiliar sine mulegheiter for deltaking i samfunnet.

Kvalifiseringsprogram

Er du i yrkesaktiv alder med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og ingen eller svært begrensa ytingar til livsopphald kan du ha rett til deltaking i programmet. Søknadsskjema får du på NAV-kontoret. Du kan lese meir om kvalifiseringsprogrammet her.

Midlertidig bustad

NAV er forplikta til å finne midlertidig bustad til den som ikkje klarer det sjølv. Les meir om midlertidig bustad etter sosialtenestelova her.

NAV Ålesund
Telefon 55 55 33 33

 

Postboks 1508

6025 Ålesund