Rusomsorg

Har du utfordringar relatert til bruk av alkohol eller andre rusmiddel kan du få hjelp av helsetenesta og NAV.

Kven kan få tilbodet?

Kva ein tenkjer er problematisk bruk i høve rus, er veldig individuelt. Dersom du kjenner at forbruket ditt av alkohol eller andre rusmiddel er på veg til å bli, eller er eit problem, bør du søke hjelp. Erfaring kring utfordringar med rus har vist at tidleg hjelp er viktig. Erkjenning og motivasjon til å gjere noko med problema vil vere avgjerande for å få det livet du ønskjer. 
Foreldre, ektefelle og andre pårørande kan få generelle råd og rettleiing ved å ta kontakt med helsetenesta eller NAV-kontoret.

Kva kan du få tilbod om frå NAV?

•    Støttesamtaler og motivasjonsarbeid. 
•    Utarbeiding av Individuell plan
•    Hjelp til å søke bustad 
•    Økonomisk rådgjeving
•    Hjelp til å etablere behandling, i eller utanfor institusjon
•    Vidareformidling av støttegrupper
•    Individuelt tilrettelagt samarbeid mellom ulike tilbod i kommunen. Eksempel:
Lege, helsesøster, skule/ arbeidsgjevar, Frisklivssentralen, psykisk helsearbeidar, heimetenestene i psykiatri, heimesjukepleien

Behandling i institusjon?

Både lege og NAV kan søke helseføretaket om behandling i rusinstitusjon.

Korleis få tilbodet?

Du kan sjølv ta kontakt med legen, arbeidsgjevaren eller NAV om utfordringar i høve til rus.