Tilrettelagt transport (TT-kort)

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilskot til drosjetransport for personar som på grunn av funksjonsnedsetting har store utgifter til drosjetransport for fritidsreiser fordi dei ikkje kan nytte kollektivtransport.

Kva kan du bruke TT-kortet til?

TT-ordninga gjeld fritidsreiser som ikkje er betalt av andre. Manglande rutetilbod eller vanskar med å bere varer, bagasje eller anna mellom heim og haldeplass, bratte bakkar eller lang veg til holdeplass vert normalt ikkje vektlagt.

Du kan ikkje bruke TT-kortet til eigenandel til reiser med TT-kort, sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som vert dekt av NAV eller andre offentlege instansar.

Kven kan få TT-kort?

  • Personar som på grunn av funksjonsnedsetting er varig forflytningshemma og difor har vesentlege vanskar med å reise kollektivt.
  • Funksjonshemminga må vare i minst to år for at søkar skal bli godkjent som TT-brukar.
  • Nedre aldersgrense er 10 år
  • Manglande busstilbod eller vanskar med å bere gjev ikkje rett til TT-kort

Slik søker du

Søk om TT-kort 

Satsar for reisestøttebeløp frå og med 01.01.25

  • For personar som bor meir enn 10 km frå kommunesenteret er reisestøttebeløpet på 3 500 kroner per år.
  • For personar som bor mindre enn 10 km frå kommunesenteret er reisestøttebeløpet på 2 000 kroner per år.

Reisestøttebeløpet vert fastsett i det fylkeskommunale budsjettet for kvart år.

1. januar og 1. juli blir kortet fylt opp med halve beløpet, og kvart år den 1. januar blir kortet nullstilt om det er pengar igjen på kortet.

Rullestolbrukarar med behov for spesialbil og blinde med stort reisebehov for fritidsreiser (til dømes aktivtet i lag, foreningar, kor og anna) kan søke om utvida ordning.

Retningslinjer

Fylkestinget har vedtatt nye retningslinjer, gjeldande frå og med 1. januar 2025

Fylkestinget har samtidig vedtatt at TT-budsjettet frå og med 2024 blir redusert frå 15 millionar til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av dette må talet på brukarar i ordninga reduserast.

Blir ikkje TT- kortet nytta over ein samanhengande periode på 12 månader blir godkjenninga som TT-brukar trekt tilbake og kortet sperra. Brukar må då søke på nytt og vert sett på venteliste.

Eiga NAV-ordning for arbeids- og utdanningsreiser

Om du har varige vanskar med å flytte deg og ikkje kan reise til og frå arbeids- eller utdanningsstad med offentlege kommunikasjonsmiddel kan du hos søke NAV om stønad til arbeids- og utdanningsreiser med drosje.  
Les meir om NAV si ordning på nettsida deira.

Klage

Eventuell klage skal rettast til Fjord kommune, og blir behandla av kommunalt klageorgan. Klagefristen er tre veker frå vedtaket er mottatt, jf. forvaltningslova § 29.

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00