Parkeringsløyve for forflytningshemma

Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på: 

  • parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma
  • offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning

Kortet har vanlegvis ei varigheit på to til fem år.

Krav til søkjar

  • Du må  i søknaden sjølv beskrive di funksjonsevne og dokumentere særleg behov for å parkere ved bustad, arbeid, eller regelmessig medisinsk behandling. (Handling, vanskar med å bere, sosiale aktivitetar og praktiske utfordringar gir i seg sjølv ikkje rett til parkeringsløyve.)
  • Du må saman med søknad legge ved legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar.
  • Du kan søke om parkeringsløyve enten som førar eller passasjer. Det kan kun registrerast eit kort per person.

Korleis søke?

Fyll ut søknadsskjema

Legeerklæring - vedlegg til søknad om parkeringsløyve (PDF, 2 MB)

Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet på servicetorget.

Vedlegg du må legge ved søknaden

  1. Foto i passbildestorleik med namnet ditt påskrive på baksida
  2. Dokumentasjon på regelmessige behov, t.d. stadfesting frå behandlingsstad eller frå arbeidsgjevar
  3. Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over avstand
  4. Foto av førarkort om du søkjer som førar av bil

NB: For at søknaden skal bli vurdert må alle papir/vedlegg sendast inn. Om vi ikkje mottek alle vedlegg innan 4 veker etter at søknad er mottatt så avsluttar vi saka. 

Søknadsfrist

Søknadane blir behandla fortløpande.

Pris

Kortet er gratis

Saksbehandling

Vi har inntil 4 veker sakshandsamingstid etter at alle vedlegg er mottatt.  

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal.

Lover og reglar

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00
Hilde Christin Rognsø Furstrand
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00