Glimt aktivitetssenter

Glimt Aktivitetssenter er eit aktivitetstilbod til menneske med nedsett funksjonsevne. Her skal brukarane gjennom ulike aktivitetar oppleve ein meiningsfylt kvardag som byr på både samhald, opplevingar og dei gode stundene.

Innhaldsrike dagar er viktig der ein får kjenne meistring og sjølvstendigheit gjennom trygge og kjende oppgåver. Opningstida er måndag til fredag kl 9-14. Aktivitetar er m.a postrunde, stall, fisking, kosting/måking, makuleringsarbeid for lokale bedrifter, lage tennbrikettar, matlaging og baking, spel, musikk, diverse hobbyoppgåver, lagar ulike produkt for sal, finmotoriske oppgåver, marsvinhald og turar.

Vidare jobbast det med uteområdet ved sjukeheimen som skal gje endå fleire gode aktivitetar i form av sansehage, vedkløyving, spelesone, drivhus, grønnsaksdyrking, dyrehald m.fl. Her skal mange fleire brukargrupper inkluderast i aktivitetane.

Glimt lagar mykje fine produkt for sal, m.a. dørskilt, forkle og t-skjorter med valfritt trykk, handlepose i tøy, tennbrikettar, toalettmapper og bilder med lokale uttrykk. Kom innom for ein hyggeleg handel, eller ta kontakt med arbeidsterapeut hanne.elisabeth.mathiesen@fjord.kommune.no.