Korttidsopphald

Korttidsopphald er eit tidsavgrensa og ikkje varig opphald i sjukeheim der personalet skal bidra til kartlegging, vurdering og oppfølging av søkar si omsorgsevne

Målsetting

  • Tenesta skal bidra til å førebyggje, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom, skade eller lyte.
  • Tenesta sitt utgangspunkt skal vere den einskilde sine ressursar og bidra til at søkar opprettheld eller får tilbake størst mogleg grad av eigen mestring.

Kriterium for tildeling

  • Akutt endra helsetilstand. 
  • Gjenvinning eller vedlikehald av funksjonar. 
  • Kartlegging og vurdering av vidare behov for omsorgstenester, tilrettelegging av husvære eller langtidsplass. 
  • Utskriving frå sjukehus. Behov for ytterlegare medisinsk oppfølging og trening før heimreise.
  • Lindrande behandling, også i sluttfasa av livet.
  • Behov for observasjon og oppfølging i samband med medisinering
  • Kartlegging av brukar som krev døgnkontinuerlige observasjonar i ein avgrensa periode
  • Kartlegging av tiltak som vil krevjast i heimen. Hjelpemiddel, heimesjukepleie eller anna.
  • Pasient som krev tett sjukepleiefagleg oppfylgjing for ein periode.

Søk om korttidsopphald

I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Søknaden vert vurdert og så finn vi det tilbodet som passer best for deg.

Reise til og frå opphald vert dekt av pasientreiser ved søknad.

Betaling for tenesta

Korttidsplass

Korttidsplass
TenestePris
Heildøgnsplass per døgn205
Dagopphald per dag115
Nattopphald per natt115

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6, bokstav c.
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata

Hilde Christin Rognsø Furstrand
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00
Elisabeth Midtbust
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00