Pasient- og brukarombod

Du kan kontakte pasient- og brukarombodet viss du er misfornøgd med helsehjelpa du har fått, eller om du ikkje får oppfylt dine rettar som pasient, brukar eller pårørande.

Pasient- og brukarombodet kan gi råd og informasjon om rettar. Du kan også få hjelp til å nytte klageretten, søke råd om pasientskadeerstatning, og dei kan nokre gongar bistå som konfliktløysar i dialog mellom deg som pasient/brukar og tenestestaden. Ombodet sine tenester er gratis, og du kan velge å vere anonym.

Kontaktinformasjon:

Pasient- og brukerombudet i Møre og Romsdal
Tlf. 71 57 09 00 / 40 50 16 00
E-post: mr@pasientogbrukerombudet.no (sensitive opplysninger skal ikkje sendast på e-post)
Postadresse: Postboks 212 Skøyen, 0213 OSLO
Besøksadresse: Astrupsgate 9, 6509 Kristiansund