Tilrettelagt transport (TT-kort)

TT-ordninga blir overført frå kommunane til Møre og Romsdal fylkeskommune frå 1. juli 2026. Brukarane vil få nytt kort tilsendt.

Lik praktisering

Fylkestinget har gjort vedtak om at brukargodkjenning og klagebehandling for TT-ordninga blir overført frå kommunane til Møre og Romsdal fylkeskommune. Endringa er ein del av arbeidet med å sikre ei meir samla og lik praktisering av TT-ordninga i fylket.

Nye retningslinjer frå 1. juli

Fylkestinget har vedteke reviderte retningsliner for ordninga. Desse gjeld frå 1. juli 2026. Dette inneber at fylkeskommunen tek over ansvaret for:

  • behandling av søknader om TT-godkjenning
  • klagebehandling knytt til TT-ordninga

Nytt kort til brukarane

Det har blitt sendt ut informasjonsbrev til brukarane saman med nytt TT-kort som skal nyttast frå 1. juli. Det gamle kortet blir sperra frå 30. juni. Saldoen på det gamle TT-kortet vil bli overført til nytt kort i løpet av juli 2026.

Informasjon om endringane

På nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune finn du informasjon om endringar i ordninga. Dersom du har spørsmål til endringane, ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune ved FRAM.

TT-kort (tilrettelagt transport) - Møre og Romsdal fylkeskommune

NB! Overgangsperiode

Søknadar som kjem inn mellom 19. juni og 1. juli vert vidaresendt til fylkeskommunen for behandling. Det gjeld også påbegynte søknadar. Nye brukarar vert lagt inn etter 1. juli.