Parkeringsløyve for forflytningshemmaLytt til tekstenStopp avspillingMed parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på: parkeringsplassar som er reservert for rørslehemmaoffentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensningKortet har vanlegvis ei varigheit på to til fem år.Les meir i informasjonsskrivet (PDF, 209 kB)Krav til søkjarDu må i søknaden sjølv beskrive di funksjonsevne og dokumentere særleg behov for å parkere ved bustad, arbeid, eller regelmessig medisinsk behandling. (Handling, vanskar med å bere, sosiale aktivitetar og praktiske utfordringar gir i seg sjølv ikkje rett til parkeringsløyve.)Du må saman med søknad legge ved legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar.Du kan søke om parkeringsløyve enten som førar eller passasjer. Det kan kun registrerast eit kort per person.Korleis søke?Fyll ut søknadsskjemaLegeerklæring - vedlegg til søknad om parkeringsløyve (PDF, 2 MB)Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet på servicetorget.Vedlegg du må legge ved søknadenFoto i passbildestorleik med namnet ditt påskrive på baksidaDokumentasjon på regelmessige behov, t.d. stadfesting frå behandlingsstad eller frå arbeidsgjevarLegeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over avstandFoto av førarkort om du søkjer som førar av bilNB: For at søknaden skal bli vurdert må alle papir/vedlegg sendast inn. Om vi ikkje mottek alle vedlegg innan 4 veker etter at søknad er mottatt så avsluttar vi saka. SøknadsfristSøknadane blir behandla fortløpande.PrisKortet er gratisSaksbehandlingVi har inntil 4 veker sakshandsamingstid etter at alle vedlegg er mottatt. KlageDu har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal.Lover og reglarNasjonal forskrift om parkeringsløyve for forflyttingshemmaRetningslinjer til nasjonal forskriftRetningslinjer til forskrift om parkeringstillatelser til forflytningshemmede Publisert 22.01.2025 15.18