Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit heildøgns tilbod til alle aldersgrupper som har eit særskilt behov for helse- og omsorgstenester i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Søk om heimesjukepleie

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut skjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, ta kontakt med tenestekontoret.

Kva skjer vidare?

Søknaden vil bli behandla utan ugrunna opphald, jf. forvaltningslova § 11 a. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad frå mottatt søknad, vil du få eit førebels svar med informasjon om vidare saksbehandling.

Klage

Du kan klage på vedtak om heimesjukepleie. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teken til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Lover og reglar

Lov om komunale helse- og omsorgstenester § 3-2, punkt 6.a

Pasient- og brukerrettighetsloven

Hilde Christin Rognsø Furstrand
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00
Elisabeth Midtbust
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00