Demenskoordinator

Er du eller ein av dine ramma av demens? Demenskoordinator tilbyr veiledning, samtalegrupper og kurs, utredning i samarbeid med fastlegen, og kan vere bindeledd mellom personar med demens og hjelpeapparatet.

Kva er demens?

Demens er ei fellesneming for ei gruppe hjernesjukdomar som fører til hukommelsessvikt, sviktande handlingsevne og språkfunksjon, personlegheitsforandringar og endring av adferd. Problema kan vere samansette, og av praktisk, fysisk, psykisk eller sosial art.

Viss du mistenker at du sjølv, eller en av dine nære, er i ferd med å utvikle demens, ta kontakt med fastlegen - eller med meg som demenskoordinator

Kva kan du få hjelp til?

Demenskoordinatoren

  • er tilgjengeleg for personar med demens og deira pårørande
  • tilbyr individuelle samtalar, samtalegrupper, pårørendeskule og andre kurs
  • kartlegg hjelpebehov og deltek i utredning ilag med fastlege ved mistanke om demenssjukdom
  • har oversikt over relevante tilbod og tenester frå kommunen
  • tilbyr koordinering av tenester
  • har tett samarbeid med ergoterapeut, tildelingskontoret, heimetenesta, sjukeheimane, dagsenter og fastlegane.
  • deltek i fagutvikling og veiledar personale som arbeider med personer med demens

Ta gjerne kontakt!
 

Siv Ingeborg Støvreide
Demenskoordinator
E-post
Telefon 41 86 79 67