Dagtilbod for personar med demensLytt til tekstenStopp avspillingDagsenteret gir tilbod til personar med demens som bur heime og som har behov for tilrettelegging eller hjelp for å kome deg ut og treffe andre.Om tenestaEit tilbod til deg som bur heime og har behov for tilrettelegging eller hjelp for å kome deg ut og treffe andre. På dagsenteret kan du ta del i aktivitetar og få eit sosialt fellesskap. Tilbodet er ope på dagtid kvar tysdag og torsdag. Det er stengt julaftan og nyttårsaftan og på alle offentlege fridagar. Lokalet er tilrettelagt og ligg i underetasjen på Stordalstunet. Søk om plassDu må søke på tenesta og det vert gitt eit vedtak. Søk om plass - elektronisk søknadsskjemaSøknadsskjema for utskrift (PDF, 173 kB) (pdf)MålsettingMålet med tilbodet er at brukar skal oppleve miljøskifte, meistring og fellesskap. Dagsenteret skal hjelpe til med å oppretthalde funksjonsnivå for å kunne klare å bu heime. Det skal også avlaste pårørande.Tenesta omfattarTransport til og frå dagsenteret (brukar/pårørande kan velje om dei vil ordne skyss til dagtilbodet, eller bli bringa og henta av personalet.Eit eller fleire måltidDeltaking i sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar. Du kan sjølv velje kva du vil delta på.Tur i lokalmiljøet i lag med andre som er på dagsenteretVurderingar for å få plass på dagsenteretSøkaren har behov for ulike aktivitetar for å ivareta fysisk og psykisk helseSøkeren kan ha behov for sosialt samvær og tryggheitSøkeren kan ha behov for oppfølging med hensyn til kost/ernæringSøkeren kan ha behov for nettverksbyggingPårørande til søkaren har behov for støtte/avlastningEigenbetalingDu må betale ein eigenandel etter gjeldande satsar. Eigenandelen dekker transport og mat. Betalinga skjer ved at du mottek ein giro frå kommunen ein gong i månaden. Publisert 01.08.2024 09.49